Close

Titanic seglar vidare

Del innlegg

«Vegen blir til mens du går han». Det var bodskapen frå rådgivaren. Eg lo litt for meg sjølv. Retorikken hennar var like lett å gjennomskode som korttrikset til ein tryllekunstnar på Manhattan. Ho dreiv allereie og førebudde dei som kom til å droppe ut. Eit førebyggande tiltak, for å minimere skuffelsen det å droppe ut av eit studium ofte bringar med seg.

Grunnen til at eg lo for meg sjølv var enkel. Kvifor skulle eg droppe ut. Eg som var 20 år, udødeleg og blotta for evna til å ta dårlege val. Det var ein bombesikker plan, ingenting kunne få meg ut frå dette sporet. Eg var som Titanic, skipet som ikkje kunne søkke.

To veker seinare møtte eg isfjellet. Det som skilde isfjellet mitt frå Titanic sitt var at mitt bestod av omgrep som dekningsbidrag, risikoanalyse og konsumprisindeks. Til mi store overrasking viste det seg at ein 20-åring, med verda for sine føter og livserfaring i bøtter og spann, faktisk kunne ta dårlege val. Eg innsåg det ikkje før no. Aldri i verda om eg, med makk i ræva og iver etter å komme meg ut i verda for å møte folk, skulle sitte ved ein pult og analysere rekneskapstal. Eg sokk nett som Titanic.

Ein søknad, eit jobbintervju og fem månader seinare sit eg her i Førde, med fingrar som har fått tilfredsstilt litt av behovet sitt for skriving. Eg innser at rådgivaren har meir rett enn nokon gong. Vegen blir ikkje alltid som vi har førestilt oss, den blir til medan vi går han.

Av Torvald Hjelden Sætrang