Close

Fugl er fugl

Del innlegg

Ein skarp og skremmande lyd kjem som ein knyttneve inn i øyra. Eg prøver å orientera meg, men det slørete synet fungerer verken som kart eller kompass. Samstundes brer det seg eit ubehag i kroppen. Nei, vent! Er eg blitt lam?

Eit halvope auge skodar mot nattbordet. Lyden forsvinn ikkje. Det vert jobba på høg-spreng for å få høgre armen til å strekka seg mot eit blinkande og vibrerande framand- objekt. Resten av kroppen er framleis kraftlaus. Det er berre ein måte å få avslutta den pågåande bombedetonasjonen på. Eg må svara på telefonen.

I forsøket på å mana fram eit ord kjem det berre eit grynt. I den andre enden spør ei altfor lystig stemme: «Du søv vel ikkje? Klokka er 10.30!» Nei, sjølvsagt ikkje, svarar eg snurt attende, men påpeikar likevel at det er laurdag. Vedkommande held fram med å fortelja alt ho har gjort frå ho stod opp og fram til no. Informasjon som eg ikkje har etterspurt.

«Morgonen starta med ei styrkeøkt på treningssenteret. Deretter for eg heim og vaska leilegheita til både meg og naboen. No sit eg og løyser eit kryssord på japansk.» Eg gjespar djupt og høgt.

Det streifar ikkje henne som jattar i telefonen at i dagens a-menneskesamfunn går fleire av oss rundt med kronisk søvnmangel. Kvar morgon er ein kamp for tilværet. Det er berre i helgane eg får følga min eigen døgnrytme. Dei av oss som høyrer til b-gjengen, får dessutan berre skremmande forsking slengt i fanget. B-menneske er nemleg meir utsette for psykiske plager, vektauke, hjarte- og karsjukdommar og anna styggedom.

Frå eit a-menneske er det ikkje noko sympati å få. Difor kjem eg med ei dårleg orsaking om at eg må legge på før ho får spurt om kva eg har gjort på denne laurdagsformiddagen. For ein ting skal du vita: Mange nattugler nektar å innrømma overfor morgonfuglar at me ikkje er av same art. Fugl er fugl, i alle fall når det er helg. Eg legg meg til å sova att.

Av Hilde Greve Mo