Close

Lide for kunsten

Del innlegg

Mental helse er i vinden no. Nesten annankvar dag kan ein lese på nett om kor mange prosent unge som har ein eller annan diagnose, og fleire går på medisinar. Heldigvis har vi eit bra helsevesen som kan hjelpe oss alle. Ikkje som det var før.

Vår eigen Edvard Munch sleit med alkoholproblem som førte til stygg oppførsel og til slutt nervøst samanbrot. Han la seg til slutt inn på ein klinikk i Danmark i frykt for å bli lagt inn på eit tysk sinnssjukehus for godt.

Komponisten Beethoven hadde hørselsproblem heile livet og blei også døv. Det gjorde at han vurderte sjølvmord. Målaren Vincent van Gogh var ikkje populær då han levde. Han selde kan hende berre eitt av bileta sine av om lag 2000 då han var i live. Han sleit med bipolar liding, alkoholproblem, skar av seg sitt eige øyre, blei lagt inn på sinnssjukehus, og enda opp med å ta sitt eige liv.

Eg har vore mine turar innom kunstmuseet Kode etter ein del år i Bergen. Det er ei merkeleg ro med å gå gjennom museet og sjå på dei vakre kunstverka. Men det er ein ting eg ser på dei fleste museum i dag, som plagar meg. Samtidskunst. Ein prikk eller ein strek over eit lerret. Er det verkeleg kunst? Er dagens samfunn blitt så avansert og travelt, at vi treng så enkel kunst for å vege det opp?

Det er i fleire studiar forska på om psykiske lidingar og kreativitet er kopla saman. Det er sagt at desse artistane eg nemnde her gjorde sitt beste arbeid då dei var på sitt verste psykisk. Har vi medisinert vekk all kreativiteten i dag? Ser vi berre diagnosane i folk, og prøver å gi dei medisin for å fikse det? Eller nådde vi eit høgdepunkt, med desse artistane, som vi aldri kan måle oss med igjen? Kva om vi hadde hatt dagens medisin på den tida … ville dei framleis ha måla dei fantastiske bileta, og komponert dei fantastiske stykka som vi høyrer og ser på fleire hundre år etterpå?

Av Janne Merete Bøyum