Close

Til Framtida, Klassekampen, Vårt Land og Firda

Ida Johanne Aadland skal til framtida.no. At denne redaksjonen no satsar på stoffområde som miljø og klima, freistar Ida Johanne. Foto: Bent Are Iversen
Ida Johanne Aadland skal til framtida.no. At denne redaksjonen no satsar på stoffområde som miljø og klima, freistar Ida Johanne. Foto: Bent Are Iversen

Del innlegg

Alle fem nynorskpraktikantane i kull 11 har no fått avtale for den eksterne praksisperioden i januar og februar.

Når opplæringa i Førde er avslutta til jul, er det berre Hilde Greve Mo som blir igjen på Vestlandet. Ho held fram å skrive for Firda-redaksjonen på nyåret. Dei fire andre reiser alle saman til Oslo. Ida Johanne Aadland og Janne Merete Bøyum har begge fått plass i Oslo-redaksjonen til nettavisa framtida.no, mens David Sviland og Vilde Øines Nybakken er klar for praksis i høvesvis Vårt Land og Klassekampen.

Nynorsk avissenter har aldri tidlegare hatt ein praktikant i Vårt Land. – Det er spennande å ta kontakt med nye redaksjonar, og Vårt Land-redaktøren var positiv frå første stund. David blir tatt imot med opne armar, seier Kjell Ove Nordeide i Nynorsk avissenter.

– Både Vårt Land og Klassekampen har ein god del journalistikk på nynorsk, og eg er glad for at praktikantane får løfte fram nynorsken endå meir. Desse meiningsberande avisene har lesarar over heile landet, så det er viktig at nynorsken får vist seg som eit velfungerande språk i alle delar av journalistikken.

BILDET: Ida Johanne Aadland skal til framtida.no. At denne redaksjonen no satsar på stoffområde som miljø og klima, freistar Ida Johanne. Foto: Bent Are Iversen