Close

Nynorsk i nordnorske aviser

Del innlegg

BILDET: Vilde Øines Nybakken har sett kursen nordover frå Oslo til Narvik etter to månader praksis i feature- og kulturredaksjonane i Klassekampen. Foto: Kjell Ove Nordeide

Eg vil tore å påstå at det herskar ei viss misoppfatning i vår nordlegaste landsdel: misoppfatninga om at Ivar Aasen aldri var i Nord-Norge, seinast høyrt frå ein venn då eg var heime i juleferien.

Av Vilde Øines Nybakken: Praktikant i Nynorsk avissenter frå august 2018. Praksis i Klassekampen januar-februar 2019. Tilsett i Fremover i Narvik frå 1. mars 2019.

Gleda eg fekk av å slå i bordet og seie at der tar du feil, og det faktum at eg ei veke tidlegare hadde fått jobb som journalist i lokalavisa heime, gjorde meg nyfiken. Kva meir var det eg ikkje visste?

Det eine var at rundt halvparten av skulekrinsane i Troms, og tredjedelen av skulekrinsane i Nordland, hadde nynorsk som skulemål for 75 år sidan. Nynorsken verka å ha hatt vind i segla fram til etter andre verdskrig. Då starta tilbakegangen, og i dag er nynorsk sidemål for dei fleste skuleelevar, slik det var for meg for ti år sidan.

Det andre var at Lars Berg, som var med å skipe Hålogaland Teater og var viktig for å få på plass eit universitet i Nord-Norge, var ein aktiv målmann i ei aktiv tid for målsaka i nord. Han arbeidde mellom anna med å få på plass ein nordnorsk nynorsk-ABC, utan å lukkast.

Trass tilbakegang kunne Magne Leon Heide, leiaren i Troms og Finnmark Mållag, informere om at nynorsken slepp til i spaltene i dag. Til dømes er kultursidene i Harstad Tidende titt og ofte å lese på nynorsk. Heide hadde inntrykk av at mange aviser publiserer redaksjonelt innhald frå frilansjournalistar på nynorsk. Utanom ein handfull journalistar ved distriktskontora til NRK kunne han derimot ikkje komme på nokon journalist som nytta nynorsk i ein nordnorsk redaksjon i dag.

Ikkje i dag, altså, men kanskje viss du spør han i morgon, når denne journalistspira er på plass i redaksjonen i Narvik, kan det jo vere pipa får ein annan lyd.

PÅ KARTET: Vilde er no tilbake i landsdelen ho forlet for å gå på skule på Svalbard og seinare studere i Trondheim. Under opplæringa ved Nynorsk avissenter fekk ho tilbod om fast journalistjobb i Narvik. Foto: Kjell Ove Nordeide