Close

Aldri midt på treet

Del innlegg

«Sogn og Fjordane er aldri midt på treet» understreka Silje Guddal for ti nynorskpraktikantar på eitt av deira første felleskurs denne hausten. Fylket er eit eldorado for journalistar, slo den tidlegare NRK-medarbeidaren fast og viste til imponerande breidde og kontrastar innanfor fylkesgrenser som snart vert opna mot sør.

NRK Nynorsk mediesenter og Norsk avissenter har denne hausten fleire felleskurs, og som før er det opna for at tilsette i mediebedrifter kan delta så lenge det er plass. Kommande heildagskurs er:

Kjelder til stoff – måndag 2. september
Intervjuteknikk – måndag 16. september
Journalistikk med mobiltelefon – todagars måndag 30. september og tysdag 1. oktober
Sosiale medium i praksis – måndag 7. oktober
Presseetikk – måndag 21. oktober