Close

Å møte rettskrivinga i døra

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Som språknerd over alle språknerdar er det vel berre naturleg at eg fortset Skrivekløa med nok ein anekdote om språk. Tredje på rad – hat-trick!

Og denne gongen skal det handle om å vere høg på sine eigne kunnskapar.

Eg likar å påstå at eg har ei ganske god oversikt over rettskrivingsreglane og grammatikken i skriftspråket. Og det skulle vel berre mangle, for eg kan ikkje tenke meg at mange brukar Nynorskordboka, Korrekturavdelingen og Språkrådet sine nettstader meir enn meg. Dessutan har eg ein femårig grad innanfor språk, som også burde kunne komme meg til nytte.

Slik har eg også vorte sjølvutnemnd språkvaskar og korrekturlesar blant praktikantane i Firda. Eg les gladeleg igjennom tekstar som andre har skrive, kommenterer og retter. Kjem eg borti eit ord eg er usikker på, så slår eg det opp. Slik kan eg også med rimeleg sikkerheit komme med anbefalingar og korreksjonar.

Tidlegare denne veka fekk vi praktikantane ein gjennomgang av vanlege feil vi gjer. «Middel» vart trekt fram som eit ord med høg bøyingsfeilrisiko. Og jammen hadde ikkje eg retta feilskrivinga av «middel» i ein av mine medpraktikantar sine tekstar berre dagen før! Det er visst ikkje alle som veit at store summar av pengar i ubestemt fleirtal står uforandra: eit middel – fleire middel.

Tenkte eg. Med halen mellom beina måtte eg innrømme at det var eg som hadde skrive om forfattaren si riktige bøying, «midlar», til «middel», i god tru om at det var riktig bøyingsform.

Ei påminning om at eg er ikkje er udødeleg, kjem nok berre denne høgtflygande rettskrivingsguruen til gode. Vondt i stoltheita gjer det likevel.

Av Emma Johnsen Rødli