Close

Den lange reisevegen

Del innlegg

Nyleg døydde bestemor mi. Og som alle andre bestemødrer, var ho den beste ein kan tenke seg. Varm, omtenksam og oppmerksam. Sette alltid barnebarna først.

Bestemor hadde fire barn, 11 barnebarn og seks oldebarn. Ho budde på ein tettstad, heilt sør i Nordland. I ein kommune som stadig vart referert til som trøndersk då Adrian Jørgensen, som kjem frå same stad som bestemor, deltok i Stjernekamp på NRK i haust.

Bestemor budde på Terråk. Eg bur i Førde. To utkantar i det langstrakte landet vårt.

Korleis kjem ein seg frå Førde i Sunnfjord til Terråk på Helgelandskysten på kjappast mogleg, enklast mogleg og billigast mogleg vis?

Mange telefonar til søstrene mine, som bur på andre utkantar. Fleire moglege reiseruter og -måtar drøfta og utelukka. Fly? Buss? Tog? Bil? Kombinasjon?

Det enda med nattbuss til Trondheim. Sove nokre timar. Hente lånt bil. Køyre til Værnes for å plukke opp familien. Installere barnesete i bilen, som elles er ein jobb så komplisert at han gjer tanken på eigne ungar avskrekkande. Køyre til Snåsa og ete kjøtkaker. La ungane springe ifrå seg. Sno seg på svingete vegar etter fylkesgrensa. Bilsjuke ungar og ein sein framkomst til eit bestemorhus fylt til randa av storfamilien. Den blanda kjensla av kor godt det er å sjå alle, og kor trist grunnen til at vi er samla er.

Ei venninne av meg påpeika det: I krisa kjem dei sterkaste sidene dine fram. Mi er tydelegvis organisatoren. Planleggaren. Og i organiseringa slepp eg å tenke så mykje på det som lurer under overflata. Sorga, tomheita, vissa om at eg og bestemor har delt den siste fortrulege samtala, den siste klemmen, den siste latterkula.

Då alle reiseruter var fastlagde og reiseruta gjennomført, var det endeleg plass for kjenslene. Og godt var det, for snart kan eg legge tomheita til side og gle meg over den fantastiske dama eg kalla bestemor.

Av Emma Johnsen Rødli