Close

Her kunne ein jo budd

Del innlegg

Som sogndøl veks du opp med ein sunn skepsis til Førde. Behovet for staselege ting, som bystatus, fleire kjøpesenter og skywalk er ikkje enkelt å forstå. Ikkje for folk som skyr bystatus som pesten.

Det var dermed med eit snev av frykt eg flytta til Førde. Ikkje lett å vite kva som ventar ein i byen som berre har vunne ei kåring i livet. Du veit kva eg siktar til. Ein treng ikkje seie det høgt.

Denne teksten skal ikkje handle om det. Denne skal handle om dei mange positive sidene ved Førde. Dei du oppdagar om du stoppar lenger enn den tida det tek å køyre gjennom på E39. Som får deg til å tenkje at her er det faktisk ikkje så gale.

Her kunne eg nemnt spanande arbeidsplassar, eit stort idrettsmiljø og tilgang på kunst og kultur og eit mangfald av butikkar. Men for meg har den største oppdaginga vore dette:

Førde har fleire fjell enn kjøpesenter. Dei er bratte, og kan gå frå sentrum. Skywalken er altså ikkje einaste moglegheit om du treng å kome litt opp i høgda. Lite er vel som å sjå ein by, på avstand frå ein fjelltopp.

Dei trauste sunnfjordingane eg hadde høyrt om, har eg endå ikkje funne. Etter uendelege «fem på gata» i praksisperioden er førdianarar både kjekke og pratsame, om enn litt kamerasky.

Nå det lyser langs elva på kveldstid ser det til og med urbant ut. Det får ein til å drøyme. Om å setje seg ned, med noko godt i glaset saman med gode vener, kanskje til og med på ein kvardag. Du veit slik ein gjer i byar.

Ja, det blir nesten slik at ein tenkjer at her kunne ein budd.

For folk som likar kombinasjonen friluft og byliv, burde jo Førde vore heilt ideelt. Likevel, kjøpesenter og store varehus på rekke og rad er ikkje nok. Skal du halde på dei som ikkje bryr seg om å kunne køyre mellom biltema og handelshuset, dei som gjerne vil ta seg ein gåtur til sentrum, for ei øl med vener, må det ei endring til.

Førde du har kanskje ein jobb å gjere, men det skal seiast: du er langt betre enn ditt rykte.

Av Anne Sigrid Timberlid Hundere