Close

Kjært barn har mange framtidsplanar

Del innlegg

Frå Høyanger til Førde høyrest kanskje ikkje ut som det største steget å ta. «Du er jo nesten heime», seier folk, men tru meg, for ein høyangring sit det langt inne å skulle busette seg her. Eg er likevel svært spent på kva Førde har å by på dei neste månadene og gler meg til å ta fatt på nynorskrivinga. Med meg frå bygda har eg ei klingande høyangerdialekt som dei andre i fylket ikkje er like imponert over, men eg håper de klarer å oversjå det og tar godt imot meg likevel.

Som lita var eg alltid fylt med mykje kreativitet og ein rik fantasi. Foreldra mine har opp gjennom åra fått fleire falske forhåpningar om kva retning eg skulle ta i yrkeslivet. Dei fanga nemleg opp fleire potensielle talent som kunne føre til noko stort. Anten hadde eg laga ein kjole av dopapir som måtte bety at eg skulle bli klesdesignar, eller så var det min ivrige teiknefase som hinta til ein kommande arkitekt, eller alle dei ymse instrumenta som betydde at dei hadde å gjere med eit musikktalent.

Etter kvart kom skrivegleda kombinert med nysgjerrigheita, og etter enda bachelor i samanliknande politikk var det altså eit yrke som journalist eg skulle ende med å hige etter. Eg startar vegen min her hos Nynorsk avissenter, ein lang, lang veg heimanfrå.

Av Karoline Nordgulen