Close

Kunsten å vere miljøvenleg

Del innlegg

Dei fleste av oss skjønner at klimaendringane er menneskeskapte. Det er ingen fleire unnskyldningar. Vi må leve meir miljøvenleg. Eg prøvar. Eg et lite kjøt, handlar lite klede og syklar eller går om eg kan. Du tenker kanskje: veldig bra. Det gjer eg også. Av og til.

Så kvifor har eg ein klump i magen? Dei som kjenner meg, veit at eg aldri har vore nokon kjøtelskar. Å ete lite kjøt er lett for meg. Å shoppe har eg heller aldri likt noko særleg. Eg held ut i ein time. I ein alder av 26 år er det litt flautt at mor mi har kjøpt dei fleste av dongeribuksene mine. Eg hatar å prøve klede. Å ikkje skifte ut garderoben kvar sesong fell med andre ord ganske naturleg. I tillegg er eg ein friskus som likar å gå eller å sykle. Det er grunnen til klumpen i magen. Det er ei stemme i meg som seier at dei vala eg tar, kostar meg lite. Du må ofre noko. Ta nokre val som svir. Og eg veit kva dette er. Dette miljøtiltaket som er vanskeleg for meg å gjennomføre. Dette tiltaket som vil svi. Å fly mindre og kortare.

Fly er klimaversting. Samstundes er det å reise noko av det mest spennande eg veit. Ofte vil eg reise langt. No om dagen fantaserer eg om å reise til Argentina og Chile. Eg veit at eg kan ete alle dei bønnene og linsene eg vil, men i det eg set meg på flyet til Sør-Amerika, er klimarekneskapen i minus.

Eg vil leve miljøvenleg, men utan å ofre noko. Det er ein kunst, og eg veit ikkje om det er mogleg. Det er derfor eg sit med ein klump i magen. Ute auser regnet ned, temperaturen bikkar ti grader og det rasar frå fjella. Hauststormane er i gang på Vestlandet. Eg sit inne og drøymer meg vekk til varmare strøk. Aller helst til andre sida av jorda. Eg drøymer meg vekk til Buenos Aires og fjella i Patagonia. I nokre minutt har eg flykta frå ein grå tysdag til sol, høge fjell og god mat. Det er mykje som er fint med å drøyme. For det første er det klimavenleg. Billig er det også.

Av Oda Heggedal Longvastøl