Close

Snart finst ikkje Sogn og Fjordane lenger. Det riv i hjartet

Del innlegg

Snart finst ikkje Sogn og Fjordane lenger, og det riv i hjartet. Engasjementet er så stort, at det blir skapt gründerbedrifter av fylkessamanslåinga. Unge folk tenar pengar på å selje T-skjorter og plakatar med fylkeskartet på.

For vi er noko eige, vi sogn- og fjordingar. Sjølv er eg naustedøl og kan synast florøværingane er høglydte, jølstringane kranglete og sogndølane sjølvgode. Og ingen i fylket likar Førde. Dei er jo størst. Men likevel har vi måtta samarbeide. Om kvar einaste bru, veg eller vidaregåande skule har vi måtta prioritere knallhardt. For vi er få og bur spreidd. Det har vi til felles.

Når vi reiser ut i den store verda for å jobbe eller studere, så er plutseleg florøværingen og førdianaren veldig like. Eg er i alle fall bestevenn med alle sunnfjordingar, nordfjordingar og sogningar i det eg kryssar fylkesgrensa. Då eg budde i Trondheim, var det ingen eg følte raskare ei sterk tilknyting til, enn andre frå trivselsfylket. Det var som å høyre norsk i utlandet. Berre at det var ei kjend dialekt blant virvaret av austlandsk og trøndersk. Og som nordmenn som møter andre nordmenn på ferie, blir vi sogn- og fjordingar raskt bestevennar når vi møtest utanfor fylkesgrensa.

Etter nyttår er ikkje Sogn og Fjordane lenger eit eige fylke. Det set kjenslene i sving. Men ikkje i Hordaland.

Som ein jamaldrande hordalending ærleg sa det: «I Hordaland er det ingen som bryr seg. Folk på min alder veit ikkje ein gong at Sogn og Fjordane skal bli ein del av Hordaland.» Og eg som naivt har trudd vi er to likestilte partar i eit frivillig tvangsekteskap. Men vi er små. Berre i Bergen er dei 2,5 gongar så mange som i heile Sogn og Fjordane. Vi er den flinke veslebroren som gjer det bra på nasjonale prøver. Vi får vere med på leiken, men berre om den rappkjefta storebroren tillèt det. Ja, eg snakkar om stolt og kry, Bergen by.

Ikkje misforstå meg. Eg veit mange irriterer seg. Men eg har ingenting imot høglydte bergensarar. Som traust sunnfjording synest eg det er herleg kor stolt ein kan vere av ein peparkakeby og bogekorps. Men eg føler ikkje ein felles identitet med byfolket i sør. Sett bort frå når det er austlendingar til stades. Då trekker vi på skuldrane over at det har regna ein månad i strekk. Og vi er begge stolte vestlendingar.

Det nærmar seg nyttår. Fylkesgrensene vil bli viska vekk frå kartet. Sogn og Fjordane vil ikkje lenger vere eit geografisk område. I staden blir vi ein liten del av Vestland fylke. Eg er vestlending. Men først fremst sogn- og fjording. Det vil eg halde fram med å vere. Også i 2020.

Av Oda Heggedal Longvastøl