Close

Språkforvirring på bussen

Del innlegg

Eg er språknerd. Eg elskar språk og alt som er språkrelatert: enten det er snakk om språkhistorie, språkpolitikk, grammatikk, rettskriving, dialekter – eg kastar meg inn i diskusjonen uansett. Ei av dei mange språklege hjartesakene mine er at vi skandinavar, vi bør kunne forstå kvarandre. Eg blir trist av nordmenn som reiser til Danmark og snakkar engelsk, og hallingdølar som flyttar til Oslo og legg vekk dialekta si. Det burde ikkje vere naudsynt, for dei skandinaviske måtane å tale på er til sjuande og sist variantar av same språk.

Likevel opplever eg at folk rundt meg reagerer med overdriven overrasking når dei høyrer eit dialektord dei ikkje kjenner. Dei gjer gjerne eit stort poeng ut av at dei ikkje forstår, og av kor annleis og brei dialekta til andre er. Då tenker eg at vi som har norsk som morsmål burde vere i full stand til å tolke oss fram til tydinga av dei fleste dialektord, utan så mykje oppstyr. Vi er rusta med ei språkkjensle, og ho kan hjelpe deg når du lyttar, tolkar og tenker over om du har høyrt noko liknande før. Språkkjensla kan du bruke på alle skandinaviske språk, og i tillegg kan ho vere til nytte på dei fleste germanske språk.

Derfor vart eg oppgitt då eg stod på flybussen til Førde og prøvde å spørje sjåføren kva stopp eg burde gå av på, på helgelandsdialekta mi. Sjåføren stussa, og eg gjentok meg. Han skjønte framleis ikkje kva eg sa, og eg gjentok meg nok ein gong. Slik heldt vi på i tre-fire rundar, mens eg irriterte meg over sjåførens manglande forståing. Eg kunne ikkje gi meg og forlate sjåføren med uforretta sak, for det er jo berre å bruke SPRÅKKJENSLA: Vi nordmenn er vel ikkje som danskane? Språket vårt svinn ikkje hen i det utydelege og nærmast meiningslause. Då sjåføren endeleg forstod kva eg spurde om, svarte han – til mi store forskrekking og audmjuking – eit eller anna eg ikkje forstod. Etter all svikten i kommunikasjonen torde eg ikkje be han gjenta seg. I staden gjekk eg dukknakka til setet mitt, etter ein augeblink å ha vurdert å gjere som Harald Eia: gripe sjåføren desperat i skuldrene, riste han og seie, med trykk på kvar staving: «Vi forstår hinanden ikke!».

Av Emma Johnsen Rødli