Close

Tenkaren på erta

Del innlegg

Det er langt på natt og eg får ikkje sove. Hovudet er fylt med tankar som hadde passa betre tolv timar tidlegare, så sjølv om auga er lukka kjennest det som dei er opne.

Eg unngår å sjå på klokka, for eg veit det gjer det verre. Tid er ikkje min ven i kveld.

Eg tenker på alle ting som kan ha gått feil fram til eg la meg. Kan det vere eg ikkje får sove fordi eg har gløymt noko? Mobilen er skrudd av, alle bøkene til biblioteket er innleverte, komfyren er skrudd av, men det var noko meir?

Eg har det bra. Det skal ikkje vere noko grunn til at eg ikkje får sove. Alle problem eg har er sjølvfortente eller noko eg kan ignorere. Fleire stader i verda er det nokre som ikkje har det bra. Nokre er einsame og nokre er redde.

Fleire stader i verda ligg det andre menneske som meg i senga, men dei gruar seg til dagen som kjem når dei vaknar. Dei har problem og vanskar som ikkje er fortente eller ignorerbare, og for nokre av dei er det ikkje noko dei kan gjere noko med. Derfor får eg ikkje sove.

Eg har lege i fleire timar og får ikkje sove. Det må vere langt over midnatt. Sovnar eg ikkje snart er neste arbeidsdag øydelagt. Eg klarar ikkje å unngå fristelsen, eg ser på klokka. 04:15.

Det er berre fire timar til jobb startar. Derfor får eg ikkje sove.

Av Peder Skjelten