Close

Dette er kull 14 våren 2020

Del innlegg

Dei fire nynorskpraktikantane som har fått plass, er (frå venstre) Ingrid Hjellbakk Kvamstø, Theo B. Wilson, Andrea Sørøy og Marie Håland.

Sjølv om tre av dei har bustadadresser i London, Oslo og Trondheim, er dei oppvaksne på Vestlandet og har røter i Hordaland, Møre og Romsdal og Rogaland. Annleis er det med fjerdemann. Han har adresse Flekke i Sogn og Fjordane, men er opphavleg engelsk. Alle fire er samfunnsengasjerte menneske i 20-åra. Felles har dei også medieinteressa, og motivasjonen for ei framtid i journalistyrket.

Med tre kvinner og ein mann i kull 14 vil det vere 38 kvinner og 21 menn som har vore praktikantar i Nynorsk avissenter sidan starten i 2013. Kull 14 startar den seks månader lange opplæringa på nyåret, nærmare bestemt 6. januar.

Ingrid (1995) frå Arna ved Bergen held på å avslutte master i fotografi i London. Ikkje minst visuell historieforteljing tar ho med seg derifrå inn i journalistopplæringa. Frå før har ho PR, kommunikasjon og media frå Volda, og ho har arbeidd i to av landets største studentredaksjonar med tekst og bilde i tillegg til radio. I studentavisa Peikestokken vann ho mellom anna årets spalte og årets kultursak i 2017.

Theo (1993) har vore nynorskbrukar sidan 2001 då familien flytte frå Birmingham til Flekke og United World College. I år kom han tilbake til Sunnnfjord med ein fersk master i engelsk litteratur frå Glasgow. Frå før har han ingeniørutdanning, men språkinteressa tok overhand, og i litteraturen fann han ein journalistisk modus. Det sette han på sporet av ein journalistkarriere, men inntil vidare arbeider han som lærar.

Andrea (1991) vaks opp i Herøy kommune, men bur no i Oslo, der ho er journalist i Nynorsk Pressekontor som tilkallingsvikar. Sist vinter var ho journalist-praktikant i iFinnmark (nettsatsinga til Finnmark Dagblad og Finnmarken), og før det jobba ho som kommunikasjonsrådgjevar. Det er også innan PR og marknadskommunikasjon ho har bachelor og fagbrev, men ho har lenge hatt journalistyrket i sikte.

Marie (1993) kjem frå Stavanger og har ein bachelor i medievitskap frå Trondheim, der ho i dag jobbar som lærar. I nær fem år har ho vore engasjert i Studentmediene i Trondheim, hovudsakleg med radiojournalistikk, men ho har også vore redaksjonssjef for heile mediehuset som omfattar radio, video og avis. I tillegg har ho erfaring frå NRK, mellom anna frå Her og Nå og som prosjektleiar i P3sommar i 2018.