Close

Martin Årseth til Klassekampen

Martin Årseth, praktikant på Nynorsk Avissenter, vår 2017

Del innlegg

Gratulasjonar til Martin Dale Årseth (31) som har fått fast stilling ved Klassekampens vestlandskontor. Martin har hatt fleire journalistjobbar etter at han gjekk ut frå kull 8 i Nynorsk avissenter i 2017. I Bergen skal han drive Klassekampen-kontoret saman med Linnea Skare Oskarsen
(26), som har takka ja til eit vikariat ut august 2020.

Til Medier24 opplyser Martin at dei to kjenner kvarandre frå før, då dei begge jobba i Bergensavisen i sommar.

– Dei verkar flinke, og vi er veldig fornøgde. Martin har vore innom her tidlegare i praksis, mens Linnea er ny for oss. Det verkar veldig lovande, seier sjefredaktør Mari Skurdal i Klassekampen til Medier24.

– Eg har abonnert på avisa sidan vidaregåande og har sånn sett følgt med ganske lenge. No er eg glad for å ha høve til å vere med å bidra til avisa sjølv, kommenterer Martin.