Close

Tormod Ytrehus over i fast stilling

Tormod Ytrehus, praktikant på Nynorsk Avissenter haust 2017 (kull 9)

Del innlegg

Gratulerer, Tormod Johnsen Ytrehus (27), men fast stilling som journalist i LO Media! Trønderen frå kull 9 i Nynorsk avissenter hadde på nyåret 2018 praksisplass i LO Media, nærmare bestemt i FriFagbevegelse. Der gjorde han det så godt at han fekk halde fram i vikariat på desken.

– No fekk vi heldigvis plass til han i fast stilling. Flink fyr, seier Tore Ryssdalsnes, dagleg leiar i LO Media. Det viser at det nyttar med innsats og tolmod. Tormod kvitterer:
– Det er ikkje mange arbeidsplassar igjen der ein kan lære og vise kva ein er god for utan mastergrad i bagasjen. Nynorsk avissenter var derfor midt i blinken og gav meg kompetansen eg trong for å jobbe som journalist.

For tida er han inne som skrivande i ein ny redaksjon, medlemsbladet til Fellesforbundet. Dermed blir det mykje nynorsk framover i bladet som blir sendt ut til over 100.000 medlemmer.

– FriFagbevegelse skriv om arbeidsliv og arbeidsfolk, noko som er underdekt i resten av pressa.

Fagrørsla er grunnleggande demokratisk, der arbeidstakarar skal ha innverknad på både eigen arbeidskvardag og samfunnet elles. Her skjer det ein viktig interessekamp mellom ulike delar av samfunnet. Arbeidsplassen er dessutan ein stad folk er store delar av livet og kvardagen sin, og
arbeidsfolk har mange gode historier å fortelle. Derfor er området eit privilegium å jobbe med, seier Tormod.

Han set også pris på å ha fått fast stilling og den tryggleiken det gir.

– Du kan planlegge meir i livet ditt, og kvardagen blir betre. Du blir også tryggare som arbeidstakar og gjer ein betre jobb. Det kjipe for meg var at eg måtte velje å bu i Oslo. Å jobbe i hovudstaden gir deg betre tilgang til kjelder med mykje makt, men du kan også miste perspektiva som finst utanfor makta sitt sentrum. Heldigvis reiser vi også land og strand rundt for å snakke med folk ute på arbeidsplassane.