Close

David Sviland (30) debatt-journalist i Vårt Land

David Sviland, kull 11, hausten 2018, praksis Vårt Land. Foto: Kjell Ove Nordeide
David Sviland har bidratt til at debattredaksjonen i Vårt Land har sett dagsorden mange gonger. – Eg er strålande fornøgd med å ha David med på laget, seier politisk redaktør. Foto: Kjell Ove Nordeide

Del innlegg

David Sviland (30) er tilsett som ny debatt-journalist i Vårt Land. Sviland starta i Nynorsk avissenter hausten 2018, og hadde praksistida si i kulturredaksjonen i Vårt Land. Etter det har han halde fram med å ta oppdrag for avisa, noko som no har resultert i ei prosjektstilling på eitt år i Vårt Lands debattredaksjon.

– Eg er veldig glad for å få vere ein del av debattlaget til Vårt Land framover, og eg gler meg til å teste nye grep for å løfte debattstoffet, seier Sviland til Medier 24.

Debatt er eit satsingsområde for Vårt Land, og politisk redaktør Berit Aalborg er godt fornøgd med at debatt-teamet no er på plass.

– Eg er glad for at David har takka ja til denne stillinga. Han er ein idérik og kunnskapsrik journalist eg er glad for å ha med på laget. Han har vist god forståing for den verdibaserte journalistikken og nisjen vår, seier ho til Medier 24. – Han har vore med og løfta den digitale lesinga mykje denne hausten, og han har levert eit solid og viktig bidrag til Vårt Lands digitale vekst.

Sjølv sender David Sviland ei takk til Nynorsk avissenter og kollegaene. – Hadde ikkje komme meg hit utan nynorsken og dykk!