Close

Aldri ei ulempe å kunne nynorsk

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Alt eg har lært på Nynorsk avissenter og i Firda, har vore gull verdt. Det gjeld også tryggleiken eg fekk under praktikanttida mi, nemleg at det å kunne skrive nynorsk alltid er ein fordel.

Av Hilde Greve Mo

«Du kan skrive bokmål også? For det er målformen vi kommuniserer utad på», sa kommunikasjonssjefen frå Austlandet då eg kom på intervju til stillinga som kommunikasjonsrådgjevar i Norges Blindeforbund i haust.

Nynorsken ein ressurs

Eg forsikra henne om at eg kjenner meg like trygg i begge målformene og påpeika kvifor det er ein styrke i denne jobben at ein kan meistre både nynorsk og bokmål. Vidare kunne eg fortelje kvifor bakgrunnen min som nynorskpraktikant er ein ressurs i denne stillinga:

Ei av hovudoppgåvene som kommunikasjonsrådgjevar i Blindeforbundet er å skape mediemerksemd rundt organisasjonen og synshemma sine interesser. Det gjeld både i lokale, regionale og nasjonale medium. Eg er heilt sikker på at ein får større gjennomslagskraft hos pressa om ein tipsar dei om saker på målforma redaksjonane brukar. Og til forskjell frå kollegaer som berre brukar bokmål, kan eg bidra med tekstskriving til fylkeslaga som skriv på nynorsk.

Veit å selje inn saker

Ikkje berre er eit godt og klart språk relevant i denne stillinga, like viktig er erfaringa som nynorskpraktikant og seinare journalist i Firda. Gjennom min periode i Førde opparbeidde eg meg kunnskap om korleis ein jobbar redaksjonelt. Det kjem godt med når eg lagar saker for radioen til Blindeforbundet, produserer innhald til sosiale medium og skriv artiklar til medlemsbladet.

Sist, men ikkje minst, tenker eg som ein journalist når eg skal «selje» inn saker til pressa. For då må eg spørje meg sjølv følgande før eg kontaktar ein redaksjon: Inneheld saka eit interessant nyheitspoeng med allmenn interesse? Har eg formulert meg på ein måte som vitnar om at Blindeforbundet har lesarane i tankane? Har vi ein case redaksjonen kan kontakte eller eit godt bilde som illustrerer saka? Slike refleksjonar hadde eg vore forutan om eg ikkje hadde vore praktikant på Nynorsk avissenter.

Kommunikasjonssjefen blei overtydd for til slutt fekk eg eit jobbtilbod. No er eg ein stolt nynorskambassadør i Noregs hovudstad.

Denne teksten, skriven av Hilde Greve Mo (kull 11 – 2018), står i statusrapporten for Nynorsk avissenter januar 2020.
Hilde hadde praksistida si i Firda, der ho også fekk halde fram i journalistvikariat. Hausten 2019 flytte ho til Oslo då ho vart tilsett i Blindeforbundet.

Hilde Greve Mo: Kull 11 – 2018. Hadde praksistida si i Firda, der ho også fekk halde fram i journalistvikariat. Hausten 2019 flytte ho til Oslo då ho vart tilsett i Blindeforbundet.

STOLT NYNORSKAMBASSADØR: – Heller ikkje i Tigerstaden er det ei ulempe å kunne skrive nynorsk, påpeikar Hilde Greve Mo. Nynorsken og erfaringa frå journalistikken kjem til nytte som kommunikasjonsrådgjevar i Norges Blindeforbund. Foto: Privat