Close

Graveprosjekt for både avis og tv

Karen Anna Kleppe: Kull 9 – 2017. Hadde praksistida si i Kvinnheringen, der ho også fekk halde fram i journalistvikariat. Våren 2019 flytte ho til Bergen og jobb som reporter i TV 2.
Foto: Privat

Del innlegg

Den journalistiske karrieren min starta då eg med litt flaks blei ein av nynorskpraktikantane i Nynorsk avissenter august 2017. Eg blei fort frelst av både journalistikken, nynorsken og Sogn og Fjordane.

Av Karen Anna Kleppe

Etter fire månader i Førde var det på hovudet ut dørene av Firda og inn i lokala til Kvinnheringen i heimkommunen Kvinnherad.

Sjølv om eg var skråsikker på at eg ikkje ønskte å vera der meir enn dei to månadene i praksis, blei eg rett og slett frelst på ny i ein ny redaksjon. Eg blei verande i litt over eitt år. På den tida fekk eg ansvaret for den politiske journalistikken, eg fekk jobba med fleire feature-prosjekt, – i tillegg til eit større graveprosjekt i tre månader. Eg var også med på å laga ein reality-serie som gav oss mange nye abonnentar og flotte prisar – deriblant Årets lokalavis 2018.

Lærerikt og spennande

2019 starta med eit brak då eg fekk fast jobb i TV 2. 1. april var eg på plass i ny by – Bergen – og ny jobb. Eg er tilsett som reporter og leverer nyhende til både Nyhetene og TV2.no. Å læra seg ei heilt ny form for formidling har vore veldig lærerikt, og ikkje minst veldig spennande. At TV 2 torer å satse på unge journalistar utan ein lang CV eller utdanning, som i mitt tilfelle, synest eg det står respekt av.

Tar imot utfordringar med opne armar

No har eg jobba i TV 2 i snart eitt år. På den tida har eg fått reist landet rundt, eg har fått moglegheita til å jobba fram eigne nyhende innan fleire forskjellige sjangrar, og ikkje minst har eg fått vore med på eit større graveprosjekt om vindkraft – noko eg har ei ekstra interesse for. Graving då altså, ikkje vindkraft.

Kva som blir den neste store utfordringa, anar eg ikkje, men eg skal ta imot henne med opne armar.

Denne teksten, skriven av Karen Anna Kleppe (kull 9 – 2017), står i statusrapporten for Nynorsk avissenter januar 2020.
Karen Anna hadde praksistida si i Kvinnheringen, der ho også fekk halde fram i journalistvikariat. Våren 2019 flytte ho til Bergen og jobb som reporter i TV 2. Også Malene Indrebø-Langlo (kull 3 – 2014) frå Florø er tilsett som reporter i TV 2-nyheitene.