Close

Journalistar må også velje side

Tormod Ytrehus: Kull 9 – 2017. Hadde praksis, vikariat og fekk fast jobb i stiftinga LO Media, som journalist i nettavisa FriFagbevegelse. For tida vikar i Magasinet for fagorganiserte.
Foto: Håvard Sæbø, Magasinet for fagorganiserte

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Som journalist er du i ein maktposisjon. Då er språkvalet viktig.

Av Tormod Ytrehus

Eg kjem verken frå ein nynorskkommune eller har blitt utsett for mykje nynorsk i oppveksten. Då eg valde nynorsk, var det fordi eg oppdaga at eg kunne skrive enda meir dialektnært.

Seinare har eg oppdaga ein ekstra positiv effekt av språkvalet. Bokmål er nemleg makta sitt språk – på den måten at dei ulike maktelitane stort sett held til i Oslo.

Desentralisert makt

Når eg bruker nynorsk, om enn ein mest mogleg dialektnær versjon som nokre kanskje ristar på hovudet av, meiner eg det bidrar til å synleggjere språket til dei som bur utanfor makta sitt sentrum.

Kanskje er grunnen opphaldet mitt hos Nynorsk avissenter og lokalavis-journalistar i Sogn og Fjordane for eit par år sidan, eller kanskje hadde skaden allereie skjedd i oppveksten på bygda i Trøndelag. Eg meiner uansett desentralisert makt, på alle moglege måtar, er noko å strekke seg etter.

Arbeidslivet underdekt

I tillegg til å få skrive nynorsk er eg så heldig at jobben min er å skrive om og for arbeidsfolk, for tida i medlemsbladet til Fellesforbundet. Dette handlar også om makt.

Eg vil påstå at arbeidsliv er underdekt i norsk presse, i tillegg til at arbeidsfolk sjeldan blir intervjua når journalistar skal hente inn ulike perspektiv. Det er ei usynleggjering som er udemokratisk.

Gjennom opplæring i nynorsk-journalistikk og jobb i fagpressa, har eg fått innsikt i maktfordelinga i samfunnet. Ønsket mitt for 2020 er at fleire journalistar skriv nynorsk, og at journalistane begynner å skrive om arbeidstakaren, ikkje berre næringslivsleiaren.

Denne teksten, skriven av Tormod Ytrehus (kull 9 – 2017), står i statusrapporten for Nynorsk avissenter januar 2020. Tormod hadde praksis, vikariat og fekk fast jobb i stiftinga LO Media, som journalist i nettavisa FriFagbevegelse. For tida vikar i Magasinet for fagorganiserte.

Tormod Ytrehus: Kull 9 – 2017. Hadde praksis, vikariat og fekk fast jobb i stiftinga LO Media, som journalist i nettavisa FriFagbevegelse. For tida vikar i Magasinet for fagorganiserte.

PÅ OPPDRAG: – I tillegg til å få skrive nynorsk er eg så heldig at jobben min er å skrive om og for arbeidsfolk, seier Tormod Ytrehus, som har gått frå praksis og vikariat til fast stilling innan LO Media. Foto: Håvard Sæbø, Magasinet for fagorganiserte