Close

Fem på fjellet

Del innlegg

Ei typisk oppgåve ein får som praktikant i Firda, er «fem på gata»-saker. Dei er som regel visuelt flotte, er godt lesne og ber preg av positive erfaringar om vinterferien eller kva mora di betyr for deg. Som lesar skulle ein kanskje tru at dette er saker som er ein fryd å skrive – basert på punkta eg akkurat beskreiv – men det er dei som regel ikkje.

Fleire gongar har eg, saman med dei andre praktikantane, trava rundt på handelshusa eller parkeringsplassen i sentrum sør på leit etter fem personar som vil stille til eit lite intervju. Dette kan ta timevis. Ofte svarar folk at dei ikkje har tid, i dag er ikkje den rette dagen eller at dei ikkje har lyst til å bli tatt bilde av – noko folk der ute er i sin fulle rett til å meine. For oss praktikantar derimot blir det ofte ein kamp i det stille om ikkje å få løyst desse sakene.

Likevel hadde eg ei oppleving som nærmast sjokkerte meg førre veke. Då vêrgudane skjenkte Førde eit solglimt torsdag formiddag, kom nyheitsredaktøren springande bort til oss og spurde om vi kunne ta oss ein tur til Langeland for å intervjue folket til ei «fem på gata»-sak. Marie og eg sende kvarandre løynde blikk og sa ja, men førebudde oss på timevis i kulda springande etter folk på ski.

I det vi kom svingande opp på parkeringsplassen, møtte vi ein haug blide skigåarar. Alle vi spurde svarte utfyllande og ville stille på foto. Nokre kom til og med bort og lurte på kva vi dreiv med. I knappe 20 minutt var vi der og drog heim nesten litt triste for at vi fekk så mykje stoff på så lite tid. Vi vart mållause. Burde vi heller intervjue folk på fjellet? Er det kanskje der folk vil opne seg om dei store scoopa? Ikkje veit eg, men eg stiller med eit mykje sterkare mot neste gong eg skal skrive ei «fem på gata»-sak.