Close

Frå London til Førde

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Etter å ha flytta heim frå London etter nesten to år slår det meg kor ulike samfunna våre er. Misforstå meg rett, det er mykje som er fint med den britiske kulturen, og nordmenn flest har nok eit godt forhold til den. Tenkt på positive ferieminne, tv-program som «Med hjarte på rette staden» eller dei sterke banda til eit fotballag. Likevel såg eg etter kvart ein heil del som skjulte seg bak den fine fasaden. Bydelen Hackney der eg budde, er eit godt eksempel på ein by i brytningstid.

«Fucking middle class cunts», mumla ein mann til kjærasten min og meg på 56-bussen. Ruta går frå sentrum til nordaust, og kommentaren kom i det vi nærma oss haldeplassen vår i Clapton. Tradisjonelt har området tilhøyrt «arbeidarklassen», som ein kallar det i England, men no vert dei pressa ut av den meir velståande «middelklassen», som kjøper opp eigedom og renoverer dei gamle husa i området.

Når du går gjennom dei mange gatene, er det ein merkeleg sosial struktur. I éi gate bur det velståande familiar med gartnarar og hundepassarar. Dei har born på dyre privatskular og får økologisk mat levert på døra. Berre to gater unna står det ungdom og sleng midt i skuletida. Mødrer dreg på trillevogner med mat frå den lokale marknaden, og det flyt av søppel i gatene.

Og dette har skjedd fort, fortel folk i området. På få år er det blitt vanleg å sjå fleire og fleire heimlause langs hovudgatene og tiggarar på offentleg transport. Ein italienar eg kjem i prat med på gata, Michel, er heimlaus. Han flytta til storbyen for å prøve seg som kokk for åtte år sidan. Restauranten han jobba på, vart etter kvart lagt ned, og han hamna på gata. Det er no to år sidan, men han har ikkje gitt opp å leite etter ny jobb sjølv om det er krevjande. «Utan reine klede og dusjfasilitetar er det vanskeleg å bli tatt seriøst på jobbintervju», seier han.

Dei sosiale forskjellane aukar i Noreg også, men heldigvis bur vi framleis i eit samfunn utan så store forskjellar som dette. Eg er veldig glad i London, men om det er noko eg har lært, er det at eg ikkje lenger tar det for gitt kor trygt vi har det her heime.