Close

Kor er mitt sinne?

Del innlegg

I om lag 1317 dagar har eg vore sint. I førre veke byrja eg å kjenne noko nytt: Eg vart ufatteleg trist. Dette var ukjent farvatn, ei kjenslemessig tåke, og eg skanna horisonten på leit etter det trygge, stabile sinnet som eg så lenge hadde halde fast ved. Eg har ikkje heilt funne tilbake. No er eg berre ganske oppgitt.

Eg tvilar på at eg har vore åleine om dette, og reknar at minst 16 millionar andre har hatt ei liknande oppleving. Eg burde nok oppklare for lesaren: Ja, eg snakkar om Brexit.

Eit av dei kraftigaste våpena til Boris Johnson under valkampen i desember var slagordet «Get Brexit Done» – altså «få brexit gjort». No var ikkje det slagordet heilt ærleg, men eg lyt innrømme at det fenger betre enn «få i gang eitt år med forhandlingar der Storbritannia sym mot straumen ved å forsøkje å ordne ein betre avtale enn det dei tidlegare hadde, av 27 EU-medlemsstatar som sannsynlegvis greier seg betre utan Storbritannia enn det Storbritannia greier seg utan dei». Eller noko slikt.

Men dette var avgjort i ei folkerøysting, og ein må ha respekt for demokratiet. Ein som ikkje verkar å ha så mykje respekt for demokratiet, derimot, er Johnson sjølv. Torsdag las eg at partiet hans har byrja nekte journalistar tilgang til informasjonsmøte og vurderer kutt i stønaden til BBC. Nett når eg hadde funne meg eit yrke, så går han til angrep på det. Det var tydelegvis ikkje nok å lamslå både framtida mi og identiteten min.

Men eg jobbar som journalist her i Norge, ikkje i Storbritannia, og kan skrive følgjande: Boris Johnson er farleg og høver ikkje som statsleiar. Han har spela på eit falskt bilde av seg sjølv som «ein av gutta» for å få støtte frå ein utsett arbeidarklasse som han har absolutt ingenting til felles med. Ein samfunnsklasse han neppe kjem til å verne om. Så ver så snill: om du har lyst å dra ein vits om kor fjollete han verkar, for Guds skyld gjer det når eg er utanfor rekkevidd. For det bildet av han, det er hans forsøk på å ufarleggjere seg sjølv, og det er noko av det som gjer han så farleg.

Det finst tusenvis av nettsider eg kunne ha sett på som ville mata denne frustrasjonen. Heldigvis er det ei nettside som gjev meg eit løft. Det er UDI sitt søknadsskjema for norsk statsborgarskap. For sjølv om det britiske passet mitt ikkje lenger vil tillate meg å vere europeisk, så er Norge såpass inkluderande at dei ikkje let det hindre meg i å bli norsk.