Close

Til deg på nattbussen

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

For å komme meg til Trondheim må eg ta nattbuss. Det går ingen direktefly, og eg har heller ikkje bil. Strengt tatt er eg òg ein miljøforkjempar, så nattbuss er og blir det beste alternativet.

Eg ser på meg sjølv som ei positiv jente, men veit at eg til tider, spesielt under mangel på søvn, kan irritere meg over ting. Dette er ein dårleg vane eg har. Derfor vil eg teste ut ein meir venleg måte å tenkje på enkelte situasjonar på nattbussen.

Til deg som et knekkebrød på nattbussen klokka 2. Så bra at du et sunt, sjølv om det beste for deg er å sove på dette tidspunktet.

Til deg som høyrer på musikk. Når eg som sit fleire rader framfor deg, kan høyre trommeslaga, då uroar eg meg for høyrsla di. Pass på!

Til deg som røykjer rett før du går inn i bussen og tar med deg lukta inn. Stump røyken, det er betre for helsa di.

Til deg som snorkar. Eg er glad på dine vegner for at du får til å sove.

Til deg som pratar i mobiltelefonen midt på natta. Det er viktigare for dykk begge å sove akkurat no.

Til deg som klistrar tyggjegummi på stolen framfor. Eg skjøner skrekken med å svelgje den, så eg tilrår deg å gå over til mintpastillar.

Nei, å ta nattbuss er ikkje for alle, men med ei betre innstilling så kjem det seg etter kvart. Du får tid til å reflektere over deg sjølv, andre og livet. Og du finn fort ut korleis du sjølv ikkje skal oppføre deg på nattbussen.