Close

Nora Rydne frå Dagens Næringsliv til E24

Del innlegg

Midt oppe i korona-pandemien har journalist Nora Rydne skifta arbeidsgjevar. Ikkje før var ho ute av dørene hos Dagens Næringsliv før ho utstyrt med blokk og mikrofon intervjua statsministeren om dei nasjonale korona-tiltaka – no i fast journaliststilling i E24. – Veldig spennande å gå til eit E24  i vekst, seier Nora, som også merkar at nettstaden har enorm trafikk i ei tid då verda står på hovudet.

Nora Rydne starta i kull 9 ved Nynorsk avissenter hausten 2017 og har seinare arbeidd i Dag og Tid og Klassekampen før Dagens Næringsliv. Bildet av Nora og statsminister Erna Solberg er tatt av ein annan tidlegare nynorskpraktikant, Espen Breivik, som gjekk ved NRK Nynorsk mediesenter.