Close

Digitalt kart til åtvaring og inspirasjon

Del innlegg

Burde eg slutte å stole på mine teknologiske evner, eller vil det alltid ende godt? Her om dagen vart eg sendt til Sandane for å skrive ei sak. Eg har køyrt forbi skiltinga til Sandane fleire gongar, men denne dagen spelte ikkje stadsansen min på lag med meg i det heile tatt. Eg plotta inn «Sandane» på Google Maps, og det viste veg mot Balestrand. Då stussa eg litt, men tenkte «okei, internett har losa meg trygt fram tidlegare. Kanskje eg tar ein ekstra tungvint tur kvar gong eg køyrer heim til Sunnmøre».

Men nei. Det finst nemleg eit Sandane ved Viksdalsvatnet. Dette andre Sandane viste seg på vere berre eit lite tun. Eg visste at ekte Sandane ikkje var stort, men eg visste òg at det var meir enn eitt hus og ei løe. Vanlegvis tenkjer eg «no har eg lært, denne feilen gjer eg ikkje igjen». Men det er ikkje første gongen eg har køyrt feil og neppe siste.

Etter å ha funne fram til ekte Sandane på Google Maps, køyrde eg vidare. Det kom til å ta meg ein time og 44 minutt.Eg var mildt sagt panikkslagen og nesten på gråten. Kven vil tilsette ein journalist som ikkje klarer å ta enkle instruksjonar som «køyr til Sandane»? Eg tenkte karrieren min var over. Litt overdramatisk må ein jo vere.

På køyreturen til ekte Sandane fekk eg sjå delar av fylket som eg aldri har sett før. I oppveksten var det flott natur og fine fjell uansett kor eg såg, så det er ikkje så mykje som får meg til å stoppe opp eller sjå to gongar. Men turen frå Sandane i Sunnfjord til Sandane i Gloppen gjorde meg nesten friluftsfrelst. Eg vart freista til å gå på fjellet (og det er det svært sjeldan eg blir).

Framme på ekte Sandane køyrde eg naturlegvis feil der òg. Først gjennom eit bustadfelt, så ned til ei golfbane, før eg skjønte at Sandane sentrum låg på andre sida. Eg brukte latterleg lang tid på å kome meg til Sandane. Men det vart jo skrivekløe av det. Det er altså ingenting som er så gale at det ikkje er godt for noko.

Og eg må lære meg forskjellen på høgre og venstre, og det brennkvikt.