Close

Joe Biden, jo betre?

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Trass det breie utvalet dei byrja med, har demokratane i USA spissa det ned til to kandidatar:

Ein gammal kvit mann, og ein litt eldre kvit mann.

Ein av dei hadde hjarteinfarkt i fjor. Den andre ser ut til å bevege seg som om han er under vatn. Han verkar som om han anten har problem med minnet, eller med å uttrykke seg munnleg, eller ein kombinasjon av begge delar.

Den eine vil ha revolusjon. Den andre har lova at, om han skulle bli president, blir det ingen vesentlege endringar.

No er eg ikkje amerikansk statsborgar. Men om du var amerikanar, som stemmer Democrat – ville ikkje du hatt store endringar?

Demokratane ser ut til å vere einige om nokre saker. Dei vil ha Trump ut av det kvite huset. Dei vil ha eit fleirtal i kongressen. Spørsmålet har blitt: kven av gubbane har best sjanse? Den litt råe onkelen som kviskrar idéar i øyret ditt, litt kule idéar som dei andre vaksne i familien ikkje synest så mykje om, noko mamma og pappa ikkje alltid er like begeistra for? Eller den snille onkelen, som kjem stort sett godt overeins med slekta, men som av og til ikkje greier å skilje deg og søskena dine, som av og til verkar å ikkje registrere når du snakkar til han?

Siste veka har eg nokså febrilsk lese The New York Times dagleg. I USA blir det for tida sagt at Joe Biden er eit betre val enn Bernie Sanders, fordi han er tryggare, og/eller meir stabil. Han har opparbeidd godvilje hos andre karrierepolitikarar i partiet. Det kan eg forstå. Det er vanskeleg å vere ueinig med nokon som ikkje har ein klar ståstad. Spørsmålet er om han greier å inspirere og skape entusiasme hos veljarar som ikkje er overtydde alt.

Difor nyttar eg høvet til å be om lesarbrev til Firda, heilt usarkastisk. Kan nokon vere så greie å fortelje meg: Kva politikk er det Biden faktisk legg fram?

Altså, eg ser at å få Trump fjerna er ein prioritet for mange i USA. Men bør ein ikkje tenke litt lenger fram: Kva er det ein erstattar han med?

I The New York Times i dag stod det at Biden er eit trygt val for mange amerikanarar av den grunn at dei berre vil gå tilbake til å ha eit «vanleg» liv. Men kva med dei som ikkje hadde «vanlege» liv før Trump? I Europa flirer vi kanskje av det som kan verke å vere idealisme hos den relativt unge nasjonen USA. Likevel, er ikkje det ein nokså deprimerande tanke, at Trump-æraen har senka snittet såpass at det beste folk i USA kan håpe på er eit «vanleg» liv, og ikkje eit betre liv?