Close

Skup-prisen om forsvann

Del innlegg

Kva skjer eigentleg med julevarene etter at jula er over? Blir dei kasta eller brente på bål? Dette var spørsmål eg hadde som idé til ei sak i starten av året. Den kritiske journalisten i meg var årvaken og klar for å avsløre den største skandalen i handelsbyen Førde. Ei sjokk-sak som skulle gå nasjonalt og internasjonalt og eg veit ikkje kva.

Eg tok journalistblokka, kameraet og mitt kritiske blikk til sentrum. Klar for å avdekkje «Juleskandalen» og lage ein skikkeleg snakkis av ei forbrukarsak. Du som les, skjøner kanskje at ein skandale ikkje blei avdekt sidan du les om det i skrivekløa mi og ikkje på fronten i alle lands medium.

Nei, her i Førde set dei ned prisen på julevarene, set dei på lager til neste år, eller gir dei til gode formål, barnehagar eller skular. Dette gav meg ei ambivalent kjensle. Personleg hyllar eg det faktum at dei ikkje kastar ting, men samstundes såg eg at SKUP-prisen trekte seg lenger og lenger vekk.

Eg hadde likevel ein sjanse til. Kva med all julematen, den kan jo ikkje bli selt neste år? Nei, desse varene blir òg selt til nedsett pris før dei enten blir gitt vekk til forbipasserande eller til tilsette som et maten på jobb. Ikkje noko hårreisande matsvinn her altså.

Marie på privaten som forbrukar og medmenneske syntest dette var kjempeflott. Marie som ny og ivrig journalist blei litt skuffa. Det blei om ikkje anna stoff til skrivekløe, og eg håper du som les, kan bli glad for at butikkane tar ansvar. Men om du sit på noko hemmeleg informasjon om butikkar som brenn opp julevarene sine, då veit du journalisten du skal kontakte.