Close

Stensland blir journalist i Stavanger Aftenblad

Del innlegg

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin

Kristine M. Stensland har signert arbeidsavtale med Stavanger Aftenblad. Der skal ho jobbe i avdelinga for energi og næringsliv. Dermed vert ho også ein del av næringslivsavisa E24, så nokre av artiklane hennar vil dukke opp der.

– Eg skal få meg kontor på Høghuset på Bryne, noko som er svært gildt for meg, som får gangavstand til jobb. Men det er også lurt tenkt av arbeidsgjevar. Eg skal nemleg ha eit særskilt ansvar for å følgje med på jordbruksnæringa. Og den har ein betre utsikt over frå eit høgt hus på flate Jæren enn frå lokala til avisa i Stavanger sentrum, seier ho.

Kristine M. Stensland gjekk i det aller første kullet i Nynorsk avissenter hausten 2013. Deretter starta journalistkarrieren i Gjesdalbuen heime i Rogaland i august 2014. Ho fekk kjenne på rivaliseringa mellom nynorsk og bokmål, men vart ein garantist for at det gjekk an å lese nyheiter på nynorsk i lokalavisa.

Etter snart seks år byter ho arbeidsgjevar, men nynorsken tar ho med seg: – Aftenbladet er i alle fall klar for å få meir nynorsk i spaltene. Eg skal prøve å få det inn i E24 også, seier ho,

– Dermed takkar eg om få månader for meg i Gjesdalbuen, der eg har hatt glede av å få jobba saman med mange flinke og gilde folk, som eg sjølvsagt kjem til å sakne.