Close

Nynorsk avissenter

Bli praktikant

Journalistopplæring på seks månader.
Med løn.

Søknadsfrist 15. april 2020

Kom deg raskt ut i arbeidslivet

For deg som vil bli journalist og har lyst til å skrive nynorsk.
Her får du ei praktisk retta opplæring med digital kompetanse som er ettertrakta i avisredaksjonane. Av tidlegare praktikantar har 54 prosent journalistarbeid, 14 prosent arbeider som kommunikasjons-rådgjevarar og 12 prosent har lærarjobb ved årsskiftet 2019/2020. 

Ekstern praksis

Tidlegare praktikantar har vore i aviser som Bergens Tidende, Dag og Tid, Dagen, Dalane Tidende, Framtida, Hallingdølen, Hordaland, 
Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Nationen, Nordhordland, Strilen, Sunnhordland, Sunnmørsposten, Tysnes og Vårt Land. Også Nynorsk pressekontor i Oslo har tatt imot fleire praktikantar.

Vi tilbyr

Teori og praksis

Fire månader teori og praksis i Noregs største dagsavis redigert på nynorsk

Løn

Praktikantløn i heile læretida. I dag er brutto månadsløn 16.700 kroner

Produksjon

Produksjon av nyhendeartiklar, reportasjar og bloggar

Medium

Video, foto, frontredigering, sosiale medium, digital forteljarteknikk

Rettleiing

Rettleiing frå eigen mentor og andre erfarne journalistar

Førelesing

Førelesingar i mellom anna språk, presseetikk og journalistisk metode

Miljø

Godt miljø med høg digital kompetanse

Samarbeid

Samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter

Attest

Attest frå Nynorsk avissenter og ekstern praksisavis

Søk etter bustad

Vi hjelper med å skaffe bustad i Førde

Kvalitetar vi ser etter

Eit ønske

Du har lyst til å skrive nynorsk og vil bli journalist

Interesse

Samfunnsinteresse og samfunnsengasjement

Stå-på-vilje

Likar utfordringar og høgt tempo

Samarbeid

Evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre

Utdanning

Vi tek inn søkjarar med ulik bakgrunn og utdanning

Bakgrunn

Vi ønskjer søkjarar frå heile landet, også med fleirkulturell bakgrunn

Bli kjend med praktikantane

Les meir om praktikantane og dei personlege tekstane dei har skrive til fast spalte i Firda gjennom praktikantopphaldet

Søk no

Skriv ein søknad der du fortel om deg sjølv og kvifor du vil bli nynorskpraktikant.

Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Søknaden skal innehalde vitnemål, CV, attestar og referansar.

Søk innan 15. oktober eller 15. april. Neste kull startar i august 2020.

Send søknad på e-post til Kjell Ove Nordeide, kjell.ove.nordeide@firda.no