Close

Andrea Sørøy

Andrea Sørøy (1991) frå Herøy kommune på Sunnmøre er praktikant i Nynorsk avissenter, kull 14 våren 2020.

Til Førde kom ho frå jobb som tilkallingsvikar i Nynorsk pressekontor. Vinteren før var ho journalistpraktikant i iFinnmark (nettsatsinga til Finnmark Dagblad og Finnmarken), og før det jobba ho som kommunikasjonsrådgjevar. Det er også innan PR og marknadskommunikasjon ho har bachelor og fagbrev, men ho har lenge hatt journalistyrket i sikte. 

 

 

Skrivekløe

Under kan du lese petitar som Andrea har skrive for Firda i spalta «Skrivekløe». Praktikantane leverer fast til denne spalta som står på trykk i Firda kvar laurdag. 

Foto: Ingunn Osland

Fast jobb før fylte femti

Å vere tilkallingsvikar i mediebransjen har gjort meg til eit dårlegare menneske. Eg har dagleg drøymt om at alle kollegaane mine skulle verte ramma av langvarig sjukdom, det trass i

Les meir →