Close

Ingrid Hjellbakk Kvamstø

Ingrid Hjellbakk Kvamstø (1995) frå Arna ved Bergen er praktikant i Nynorsk avissenter, kull 14 våren 2020.

Då Ingrid kom til Førde og Nynorsk avissenter, heldt ho på med å avslutte master i fotografi i London. Ikkje minst visuell historieforteljing tok ho med seg derifrå inn i journalistopplæringa. Frå før har ho PR, kommunikasjon og media frå Volda, og ho har arbeidd i to av landets største studentredaksjonar med tekst og bilde i tillegg til radio. I studentavisa Peikestokken vann ho pris for mellom anna årets spalte og årets kultursak i 2017.

 

Skrivekløe

Under kan du lese petitar som Ingrid har skrive for Firda i spalta «Skrivekløe». Praktikantane leverer fast til denne spalta, som står på trykk i Firda kvar laurdag. 

Foto: Ingunn Osland

Fem på fjellet

Ei typisk oppgåve ein får som praktikant i Firda, er «fem på gata»-saker. Dei er som regel visuelt flotte, er godt lesne og ber preg av positive erfaringar om vinterferien

Les meir →

Frå London til Førde

Etter å ha flytta heim frå London etter nesten to år slår det meg kor ulike samfunna våre er. Misforstå meg rett, det er mykje som er fint med den

Les meir →

Mellom rasfare og sveler

Førde har for meg vore ein eksotisk draum. Som halvt bergensar, halvt sunnmøring har eg kjent namnet so lenge eg kan hugse. Familien min køyrde gjennom byen opptil fleire gongar

Les meir →