Close

Theo B. Wilson

Theo Blacklaws Wilson (1993) frå Flekke i Fjaler kommune i Sunnfjord er praktikant i Nynorsk avissenter, kull 14 våren 2020.

Theo har vore nynorskbrukar sidan 2001 då familien hans flytte frå Birmingham i England til Sunnfjord og United World College. I 2019 kom Theo tilbake til Sunnfjord med ein fersk master i engelsk litteratur frå Glasgow. Frå før har han ingeniørutdanning frå Noreg, men språkinteressa tok overhand, og i litteraturen fann han ein journalistisk modus. Det sette han på sporet av ein journalistkarriere, sjølv om han i mellomtida har arbeidd som lærar.

 

Skrivekløe

Under kan du lese petitar som Theo har skrive for Firda i spalta «Skrivekløe». Praktikantane leverer fast til denne spalta, som står på trykk i Firda kvar laurdag.

Foto: Ingunn Osland