Close

Hausten 2013

Gi eit lite vink

Eit par morske auge møter meg, ei sint hand veiver meg attende. Eg set girspaken i revers og slingrar meg bakover. Eg må innsjå at slaget er tapt. Eg var nærmast møteplassen. Etter fleire mil på sunnfjordske vegar har eg omsider forstått kvifor samferdselspolitikk vert debattert på kvart eit gatehjørne […]

Read More

Livet på sølvfatet

Så sit du der med klump i magen, makspuls og eit stikk av dårleg samvit medan du skottar bort på det kvite papiret kor VALKORT står skrive i svarte bokstavar. Du veit det så inderleg godt: du skulle ha røysta no. Hadde det ikkje vore for at stemmelokalet stengde midt […]

Read More

Nynorskens skog

Å skrelle ei appelsin utan kniv er strevsamt. Både negler og tenner må til pers for at ein skal kunne nyte av fruktkjøttet som ligg under det harde skalet. Trass i strevet vel eg gong på gong å trasse citrusallergien for å ta del i dette naturgitte matgildet. I avskrelt tilstand […]

Read More

Okkupert hjarterom

Ho som har ansvaret for kantina vår, er borte frå jobb. Borda blir smulete, maten blir ståande ute, og ingen steiker lappar til oss på fredagar. Dessverre er det ofte eit fråvær som må til for at ein verkeleg lærer å sette pris på det folk gjer når dei er der. […]

Read More

Difor er eg fleksitarianar

Eirin, nynorskpraktikanten, er vegetarianar. Kvar dag gjer ho val som viser at ho bryr seg om verda. Ho er god. Er eg vond? Når eg et kjøt, er eg «slem» mot dyret eg et. Det døydde for meg, men døy skal alle, både menneske og dyr. Det verste er ikkje at […]

Read More

Sjå! Dette er oss

Som ny i Førde, og som fersk journalist, har eg gått rundt med ekstra opne auge i det siste. Eg må finne ut kva eg er blitt ein del av. Å sjå ein by er å sjå menneske. Her er eit lite utval av førdianarar eg har sett. Eit par i […]

Read More

Ein usynleg, daud sau

Ein plakat med ei eldre kvinne som spyttar på ein yngre mann, lokka meg inn på «Trekk», ei utstilling med islandsk samtidskunst på Sogn og Fjordane kunstmuseum. Det fyrste rommet: Ein høgtalar sender ut ei røyst som uttalar einskilde bokstavar. Rekkefølgja synest tilfeldig. Mannsrøysta er monoton og hakkete. Under høgtalaren heng […]

Read More

Endeleg i fleirtal

«Sal» lyser det mot meg med raude bokstavar. Ikkje «salg» eller «sale». Eg er i eit område der sjølv dei kommersielle aktørane har skjønt det: Nynorsk sel. Nynorsk er bra. Ja, nynorsk er til og med best. Dei siste åra har eg halde meg i og i nærleiken av hovudstaden. Som […]

Read More