Close

Thea Idsøe

Kalvbeint og stolt

Eg er kalvbeint, fødd utan mellomrom mellom knea. Kallenamnet «Kalven» har fulgt meg gjennom 13 års skulegang. Medan fotballkarrieren vart nytta på innbytarbenken gjekk det ikkje éin dag utan at eg snubla i mine eigne bein på veg til skulen. Støtt låg eg med ansiktet i sølepytten og skrubbsår på […]

Read More

Gi eit lite vink

Eit par morske auge møter meg, ei sint hand veiver meg attende. Eg set girspaken i revers og slingrar meg bakover. Eg må innsjå at slaget er tapt. Eg var nærmast møteplassen. Etter fleire mil på sunnfjordske vegar har eg omsider forstått kvifor samferdselspolitikk vert debattert på kvart eit gatehjørne […]

Read More

Livet på sølvfatet

Så sit du der med klump i magen, makspuls og eit stikk av dårleg samvit medan du skottar bort på det kvite papiret kor VALKORT står skrive i svarte bokstavar. Du veit det så inderleg godt: du skulle ha røysta no. Hadde det ikkje vore for at stemmelokalet stengde midt […]

Read More

Nynorskens skog

Å skrelle ei appelsin utan kniv er strevsamt. Både negler og tenner må til pers for at ein skal kunne nyte av fruktkjøttet som ligg under det harde skalet. Trass i strevet vel eg gong på gong å trasse citrusallergien for å ta del i dette naturgitte matgildet. I avskrelt tilstand […]

Read More