Close

Inger Marie Lien

Du spinkle sjarmerande

Uansett om ein ser på den komande adventstida som ei fin ventetid, eller som ein halvmaraton for å kome i mål før Sølvgutane syng jula inn, handlar det no framover om tradisjonar. Alt skal vere «same procedure as last year», utan at ein treng å forklare det noko meir. Når det […]

Read More

Min kalde, våte uvenn

Klokker flyttast, blad fell, mørke tek over, dagslys er på hell. Regn høljar, vindar herjar, paraplyar blir vrengde og vegar stengde. Grader søkk, tenner hakkar, lepper blir blå og fjelltoppar kvite. Du er umogleg å ta feil av, eg veit du er her no. Tidleg i september kjem du luskande med […]

Read More

Tommelmaratonen

Nokre gonger skulle eg ønske eg hadde ei tidsmaskin. Ein barnsleg tanke ja, men innrøm det; du har tenkt tanken sjølv òg. Ei slik maskin skulle stoppe tida, samt sjølvsagt ta meg tilbake i tid. Mange ville nok reist framover, men ikkje eg. Dei beste historiene eg fekk høyre som lita, […]

Read More

Og så har me juksa littegrann

Sett vekk i frå sommarferiane er det sju år sidan eg budde heime, og eg har etterkvart blitt relativt husleg av meg. Når eg no set av fire månader under same tak som mor og far, er eg likevel blitt elev ved ein modernisert versjon av husmorskulen med mor mi som […]

Read More