Close

Anna Trondsdotter Versto

2016: Året på skeiva

2016 syng på siste verset. Det skjønar ein når ein ikkje lenger ensar oppkava jolehandlarar eller den femte nyheitssaka om at det ikkje vert ei kvit jol likevel. Meininga er vel å sjå framover, men det går ikkje heilt utan å sjå tilbake, så mykje tull og fanteri som 2016 har […]

Read More

I eit spel av fargar

Du har kanskje sett dei, eller høyrt dei. Hundre barn og unge, frå 35 land, ståande på same scene. Eit virvar av fargar. Norske folketonar, ungdomskultur og afrikanske rytmar. Alt blanda saman i eit kunstnarisk prosjekt. Dei heiter Fargespill, og speglar oss som vi er, om vi opnar augo. Mange av Fargespill-aktørane […]

Read More

Jakt i sikte

Det dirrar i kroppen. Siktet lear seg i takt med pusten, fingeren nappar. På hundre meters hald skal eg treffe blink. Eg har gjort det før og klarer det fint igjen. Karane står diskret bak meg. Dei følgjer nøye med. Hefta av uønskt merksemd, freistar det å peike rifla ei lita […]

Read More

Mannen på gata

Eg merka han først ikkje, der eg sykla i full fart frå jobb med stemmer syngande i øyro. Ventande heime var sofaen og kanskje ein snål dokumentar, gøymd unna det kvardagslege køyret. Eg trødde fort. Ikledd dei mentale skylappane mine passerte eg buskar, folk og hundar. Denne behagelege bobla vart plutseleg […]

Read More

Profesjonell benkeslitar

Ein skal passe seg for å snakke stygt om fotball. Sist helg var eg med Firda for å dekke kampen mellom Florø og Førde. Eg hadde ei enkel oppgåve: ver der det skjer, ta foto og ha ei viss peiling på kven dei blå og kvite skjortene er. Jammen klarte eg […]

Read More

No vel eg kortreist

Eg er smitta av den farlege reisebasillen i eit land der det ikkje skortar på moglegheiter. På leit etter den rette vegen har eg virra eventyrlysten rundt i verdsdelar og nytta fleire avstikkarar enn det som kanskje er normalt. No har eg, trass alt, landa som ein fortumla innbyggar i denne […]

Read More