Close

Praktikant

Det er framleis oss to

Denne helga skal eg tilbringe med ein kjær ven. Eg har talt veker, dagar og timar, og endeleg er ventetida over. Endeleg er eg tilbake, kjære Bergen. Ein kan seie mykje om deg, men evna til å vise engasjement, manglar du ikkje. Det er ingen som har det verre når […]

Read More

Tante i trøbbel

Då eg kom til verda i 1989, var det som attpåklatt med to halvsysken på 14 og 17 år. For meg var dette topp, sidan eg slapp å dele soverom med andre enn meg sjølv og bamsane mine. I tillegg fekk eg all merksemd i familiebesøk. Men 18. mars 1997 […]

Read More

Veksesmerter

Dei gylne 20-åra byrjar å nærme seg slutten. «Smilerynkene» har meldt seg, det same med lysta for å sitje heime og sjå på fjernsyn ein fredag, i staden for å rave på «by’n». Facebook har også oppdaga at eg ikkje lenger er ung og lovande. Eller, at eg i alle […]

Read More

Berre ei flyvertinne

FOR EITT ÅR sidan var eg flyvertinne i Dubai. No er eg journalist i Førde. Nokre gongar må eg verkeleg klype meg i armen. DET ER LENGE sidan yrket vart rekna som glamorøst. Det er farleg å fly, og du lever i nåde frå både natur, mann og maskin. Arbeidstidene er ugudelege, […]

Read More

Vaksinert mot bokmålet

EG FØLER EIN stadig aukande aversjon mot å opphalde meg over lengre tid i ein by på Austlandet. Det er ikkje tvil om kva som er «landet» mitt. Kvar gong eg har reist heim frå utlandet, har det vore direkte til Vestlandet. Dei som bur i dette flate landet lengst aust […]

Read More

Kvar bygd har eit fjell

FØRDE ER IKKJE Norges styggaste by. Det er ein litt dårleg plassert, men elles sjarmerande tettstad. Eg skal ikkje klage, her er fire pizzarestaurantar og tre ulike yogatilbod. Sunnfjordingane ser ut til å spele i korps, synge i kor og samle inn pengar til fleirbrukshallar. DET EG SAKNAR mest frå Ålesund (utanom […]

Read More

Tid for å teste vengene

DÅ EG KOM til Førde for snart fire månader sidan, kjøpte eg ei flaske med solsikkeolje til å ha på kjøkkenet i campinghytta vi har leigd. Mange tacomiddagar og travle dagar seinare, er flaska nesten tom. Det nærmar seg avreise frå Førde, og vi praktikantar skal prøve å fly ut av […]

Read More

Påskeverdiar som bleiknar

GULE KYLLINGAR, prikkete egg og illusjonar om at ein loden hare hoppar rundt med godteri. Gule lys, gule serviettar og gule dukar. Påske som vi kjenner den. Alt er så gult at sola nesten falmar der den skin over kvikklunsjetande turgåarar. VI FØREBUR OSS på lange bilkøar når alle skal same […]

Read More

Nådelaus utstemming

DET ER HØGSESONG for realityprogram på fjernsyn. Innhaldet i desse seriane er som regel jenter i bikini som ikkje ein gong får valkar når dei set seg ned, og muskuløse, tatoverte menn som trur at Islam er eit land. Eg sette meg lattermild til i sofaen, og tenkte at no skal […]

Read More

Bygdestraff

MULLA KREKAR er på flyttefot. Han har sleppt ut av fengsel, men det er framleis uklart kvar han skal busette seg. Framstegspartiet har gjort det klart at dersom dei ikkje kan få han ut av landet, så må han ut på landet. Det foreslåtte bustadalternativet er den vesle bygda Kyrksæterøra i […]

Read More