Close

Våren 2016

Kjønn – eit flytande ord

«Dette ordet er lite brukt», skreiv Ivar Aasen som ein liten notis i ordboka si, ved sida av ordet kjønn. Kjønn, som gir 11,7 millionar treff hos Google, var altså knapt i bruk då han levde for rundt 200 år sidan. Det får filologen Kristin Fridtun i boka Kjønn og ukjønn til […]

Read More

Homo Automobilicus

Noko hende i mennesket si utvikling. Først var vi menneskeaper og klatra i tre, deretter gjekk vi oppreist til fots, for så å ri på hest. Det moderne mennesket er ein køyrande skapning. Folk køyrer til trening, ja, nokre til og med ned til postkassa. Bilen har blitt ein slags familiemedlem, […]

Read More

Ein fargerik allianse

På barnerommet sat ein gong ei jente og laga blogg på Piczo.com. Avisbilda var i svart-kvitt og sosiale medium fanst ikkje. Min Piczo-blogg vart derfor fylt med heimesnikra, ganske dårlege bilde, men dei skein i praktfulle fargar. Som med mange andre var dette mitt første møte med eit digitalt medium, der […]

Read More

Mann mot natur

I morgonsøvnen høyrde eg fin musikk. Det var ein stare som kvitra seg inn i draumen. Nokre forsiktige lydar. Lyse tonar med lett vibrato. Sakte bygde maestro opp symfonien med eit crescendo. Men brått viste kunstnaren sitt sanne andlet. Gauken av ein stare fann ut at han skulle etterlikne ei […]

Read More

Kva gjer vi med tida?

Dette året har gått fort, seier dei. Det var nettopp januar, og no er det snart mai. I mai er det straks juli, og så er det nyttår. Og på onsdag er det så godt som helg. Det var det same i fjor. I år er det skotår. Godt vaksne […]

Read More

Å kike inn vindauge

Eg ligg på magen og stirar ned i eit isfiskehol, vindauget til ei anna verd. Øyra fangar berre lyden av min eigen pust, som ikkje doggar på glaset. Der nede er det mørkt, men eg kan skimte rørsle. Fiskane lagar skuggespel rundt krok og makk, og eg ligg på fremste rad. […]

Read More

Risikoen for å treffe folk

Lås ytterdøra, for med brua kjem rølpen seg til fastlandet. Når ingen kan sjå han på ferja og åtvare dei lokale heltane, rekk han både drikke og slåst. Det er best å passe seg for framande. Ein kan risikere å treffe folk. Eitt av dei mest populære programma på NRK […]

Read More

Kven kan rope høgast?

Klokka fem fekk eg lov å kople meg på internett ein halvtimes tid. Om tante Inger fekk opptekesignal då ho ringde hustelefonen, fekk far kvile middag i fred. No er eg vaksen og trådlaus. Mobilen har grodd fast, og i handa finst heile verda og meir til. Konsentrasjonen krympar støtt, […]

Read More