Close

Stiftinga

Bak stiftinga Nynorsk avissenter står Mediebedriftenes Landsforening (MBL), Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Firda Media/Amedia. Føremålet er å styrke rekruttering, nyskaping og utvikling i medium som publiserer på nynorsk. Vi vart stifting og kom på statsbudsjettet i 2015, men starten stod to år før som eit prosjekt oppretta av Amedia/Firda, Vinjefondet, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. 19. august 2013 tok vi imot dei fire første praktikantane. Prosjektet tok modell av NRK Nynorsk mediesenter, som sidan 2004 har drive tilsvarande opplæring av nynorskbrukande journalistar for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium. Nynorsk avissenter har retta opplæringa mot nett, avis og sosiale medium.

Drifta er i hovudsak finansiert av Kulturdepartementet og av Firda Media. I 2020 har departementet tildelt eit driftstilskot på 2.980.000 kroner. Firda Media løyver 597.000 kroner dette året

Dette lærer praktikantane

Nynorskpraktikanten skal i løpet av fire månader i Firda få innføring i dataprogram for produksjon til nett, papiravis og sosiale medium. Praktikanten får teoretisk og praktisk trening i journalistiske arbeidsmåtar, ulike dataverktøy, godt språk, fotojournalistikk, videoproduksjon og rolla til lokalavisa. Journalistikken er sentral i opplæringsprogrammet med vekt på journalistisk vinkling, kjeldekritikk, faktainnsamling og historieforteljing. Målet er at praktikanten skal bli ein god allmennjournalist med god digital kompetanse slik avisredaktørane ønskjer seg mest av alt.

Praktikantkurset byggjer på det pedagogiske prinsippet «lære ved å gjere». Redaksjonen er det viktigaste klasserommet. Praktikanten sit saman med dei andre journalistane og kan fange opp «taus kunnskap» om saker, kjelder og framgangsmåtar. Med jamne mellomrom blir det påfyll med teori og praktisk kunnskap frå interne og eksterne førelesarar. Konstruktiv tilbakemelding og evaluering frå lærar, mentor og redaktørar er ein viktig del av læreprosessen.

Gjesteførelesarar vert henta frå andre aviser, NRK og høgskular. Dei fleste av desse førelesingane er felles med NRK Nynorsk mediesenter. Våren 2020 er desse felles gjesteførelesarar: Silje Guddal, Asgeir H. Reksnes, Erlend Blaalid Oldeide, Marte Iren Noreng Trøen, Gunnar Grønlund, Jostein Avdem Fretland, Tone Merete Lillesvangstu, Svein Brurås og Simon Solheim.

Etter fire månader i Førde får praktikanten prøve seg som journalist i sjølvvald avisredaksjon i to månader. Desse avisene er mellom dei som har teke imot praktikantar frå oss: Bergens Tidende, Dagen, Dag og Tid, Firda, Framtida, Hallingdølen, Hordaland, Jærbladet, Klassekampen, Kvinnheringen, Nordhordland, Romsdals Budstikke, Sunnmørsposten, Tysnes og Vårt Land.

Opne kurs for andre

Som del av oppdraget vårt tilbyr vi kurs og rettleiing i nynorsk for redaksjonelle medarbeidarar. Siste året har vi i samarbeid med NRK Nynorsk mediesenter og NRK halde språkkurs for avisene Askøyværingen, Bygdanytt, Strilen, Vestnytt og Hallingdølen. I tillegg er mange av førelesingane i praktikantkurset opna for redaksjonelt tilsette og frilansarar. Dette tilbodet er gratis, men det er avgrensa tal plassar. Les meir om kursa her.

Lærarar og mentorar

Både dagleg leiar Kjell Ove Nordeide og faglærar Ingunn Osland er tilsette i Firda Media. Dagleg leiar arbeider 100 prosent for Nynorsk avissenter. Ingunn Osland arbeider 40 prosent som faglærar og dei resterande 60 prosent som frontsjef i Firda. I tillegg får kvar praktikant sin eigen mentor i redaksjonen. Mentoren, som sjølv er journalist, er ei ekstra støtte for praktikanten, både fagleg og praktisk.

Her finn du oss

Du finn oss i gangavstand frå Førde sentrum. Vi held hus saman med Firda Media, den største nynorske dagsavisa i landet. Besøksadressa vår er Firdavegen 12, og postadressa er Firdavegen 12, 6800 Førde.

Statusrapportar

Til sommaren 2020 har Nynorsk avissenter lært opp 59 praktikantar fordelt på 14 kull. Av desse er 38 kvinner og 21 menn. Av dei 50 som var ferdige med opplæringa i 2019, hadde 27 journalistisk arbeid ved siste årsskifte. Sju var kommunikasjonsrådgjevarar, seks lærarar og fem var studentar. Her kan du sjå dei siste statusrapportane våre

Februar 2018 (PDF)
Januar 2020 (PDF)

Sagt om oss